Om klinikken
Aktiv fysio- og manuellterapi er ein moderne klinikk på 400 kvm, lokalisert i 3.etasje på Alti Førde. Klinikken har enkel tilkomst, med tilgang til parkering under tak, og heis eller rulletrapp til døra.
Lokala har 5 behandlingsrom, støydempa oppvarmingssone, stort treningslokale med nytt utstyr av høg kvalitet, ein gruppetreningssal, garderober og dusj. Det er lagt stor vekt på reinhald og vedlikehald av heile klinkken.
Sjølv om Aktiv er ein privat klinikk, har 4 av fysioterepeutane fast avtale med Sunnfjord kommune, og er difor ein del av Sunnfjord kommune si kommunehelseteneste. Klinikken har godt samarbeid med andre aktørar, som fastlegar, spesialisthelsetenesta og NAV.
Alle som arbeider ved Aktiv er opptekne av fagleg fornying og oppdatering. I tillegg til grunnutdanninga i fysioterapi, er tre av av terapeutane ferdig med 2 årig vidareutdanning (masterutdanning) medan to er ferdig med tilsvarande utdanning haust 2022. I tillegg tek vi kontinuerleg kurs og seminar gjennom heile året, for å halde oss oppdatert på det nyaste innanfor faget.
Klinkken har ofte fysioterapistudentar frå Høgskulen på vestlandet, eller andre studentar og elevar i praksis. Vi synes det er viktig å vere formidlarar av faget, samt vise framtidige helsepersonell korleis vi arbeider.
Praktisk info
Vi held til i 3. etg på Amfi. Ved parkering i parkeringskjellar tek heisen deg rett opp til klinikken. Grunna Covid-19 ber vi deg om å vaske hendene med ein gang du kjem inn på klinikken, samt at du tar av sko. Vask hendene også før du går ut frå vårt lokale. Dersom du har time tidleg på morgonen, skal porten inn til parkeringskjellaren vere open.
Vi har gode garderobe- og dusjfasilitetar. Ved bruk av treningsutstyr nyttar du deg av flasker med såpevatn for å reingjere utstyret.
Timar som ikkje er avbestilt seinast 24 timar før oppsett time må betalast i sin heilheit (trygderefusjon og eigenandel). Dette gjeld også ved fyrstegongskonsultasjon.
Historie
Aktiv fysio- og manuellterapi AS starta opp i januar 2017, i nye lokaler i 3.etasje på Alti. Nordplan var arkitekt under utforming av lokalet, som er spesielt innreia med tanke på fysioterapiverksemd.
Vi arbeidde tidlegare på andre etablerte klinikkar i Førde, og valde gå saman, for å få ein større fysioterapiklinikk med eit større fagmiljø, samla på ein stad.