Manuellterapi
Kva er manuellterapi?
Manuellterapi er ein offentleg vidareutdanning som består av eit toårig klinisk masterprogram ved Seksjon for fysioterapivitskap ved Universitetet i Bergen.
Fysioterapeutar med denne vidareutdanninga kallast manuellterapeutar, og har spesialistkompetanse innan undersøking, behandling og førebygging av problem i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.
Kva er spesielt for manuellterapeutar?
Manuellterapeutane har spesielle rettigheiter. Dei kan:
- tilvise pasientar videre til spesialisthelsetenesta.
- tilvise pasientar til radiologiske undersøkingar.
- sjukmelde pasientar med muskelskjelettplager/-sjukdomar i inntil 12 veker.
- ved langvarig sjukmelding delta i lovpålagt «dialogmøte» saman med arbeidsgivar, arbeidstakar og bedriftshelsetenesta. Hensikta med dialogmøtet er å kome fram til tiltak som tilrettelegg for at den sjukmelde kan vere på jobb når det er medisinsk forsvarleg.