Fysioterapi
Kva er fysioterapi?
Fysioterapi er ein sentral del av norsk helsevesen og finns både ved sjukehus, i bedriftshelsetenesta, i kommunehelsetenesta og som sjølvstendig næringsdrivande med og utan driftstilskot.
Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings-, undersøkings- og behandlingsansvar i pasientsituasjonar. Dei er underlagt helsepersonelloven, som bl.a inneber at dei skal utøve fagleg forsvarleg fysioterapi, har journalplikt og halde seg fagleg oppdatert.
Fysioterapeutar har inngåande kunnskap om muskel- og skjelettsystemet si oppbygning og funksjon. Fysioterapeutar jobbar med kropp og bevegelse for å fremme god helse. Ein fysioterapeut førebyggjer og behandlar skadar og sjukdommar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet. Behandling er basert på undersøking og vurdering av pasienten sitt problem og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til. Fysioterapibehandling vert nytta både ved akutte skader og der pasienten har hatt smerter over lang tid, samt både før og etter operasjonar. Fysioterapeutar jobbar mellom anna med barn, trafikkskadde, idrettsskader, pasientar med muskel – og skjelettplager, lunge- og hjartesjuke, nevrologiske sjukdommar, psykisk sjuke og friske som vil førebygge.